Velkommen til Liset Feriesenter

Åpent for langtidsleie

Liset Feriesenter er stengt inntil videre, men vi holder fortsatt åpent for langtidsleie.

Dersom du er interessert i langtidsleie, ring oss eller send en henvendelse gjennom skjemaet.

Velkommen til Liset Feriesenter

Liset Feriesenter er eit idyllisk feriested på Nordvestlandet. Hjå oss kan du ta inn natur av den vakraste og villaste sorten.

Her er rike fiskeforekomstar heile året, og eigen båt med motor er inkludert.

Liset feriesenter ligg på Nordvestlandet, ved den djupe Rovdefjorden og det magiske øyriket ved Runde.

Feriesenteret med marinaen ligg 20 m frå sjøen og består av 5 feriehus på 65 kvm, kvar med 3 doble soverom. Matvarer og andre ting vil ein finne i butikkar rundt 5 minutters kjøyring fra senteret.

Hyttene har høg standard, med mellom anna vaskemaskin, parabolantenne og frysar.

Kvar hytte disponerer eigen båt med motor. Livvestar kan lånes hos oss.

Kontakt oss

Overnatting ved Liset Feriesenter

Liset Feriesenter består av 5 store hytter på 65 kvm med høg standard i rolege omgjevnader like ved gode fiskeplassar.

Stovene på Liset er velsigna med eit godt kjøken med spisekrok, bad med dusj og WC, og 3 doble soverom.

Kvar stove på Liset er fullt utstyrt til å kunne ta i mot 6 gjester – noko som også inkluderer mikrobølgeomn, oppvaskmaskin, vaskemaskin & tørketrommel i tillegg til fryseboks.

Stor stove med utgang til uteterasse og yppeleg utsikt på alle bueiningar. Der er også TV med parabolutstyr. Hyggelege vedovnar (og golvvarme) er ein del av butilbudet på Liset.

Alt dette og meir til for at gjestane på Liset Feriesenter skal kunne nyte opphaldet på best mogeleg måte.